Lærling

 
 
Pr. april 2022 har Opplæringskontoret 76 aktive lærekontrakter, og 52 medlemsbedrifter.
Lærlingordninga er regulert av Opplæringslova og forskrifter.
Som tilsett i bedrifta, er lærlingen også omfatta av Arbeidsmiljølova.
 

Finn ledig læreplass

Ynskjer du læreplass, er det fleire ting du kan gjere for å få lærekontrakt:
  •  er du skuleelev på VG2, hugs å registrere deg som søkjar på www.vigo.no innan søknadsfristen 1.mars
  •  kontakt oss for informasjon om ledige læreplassar. Kom innom kontoret vårt, ring eller send oss ein epost  
  •  kontakt dei lærebedriftene der du kan tenkje deg jobb, og forhøyr deg om dei har planar om å ta inn lærlingar. Møte gjerne opp personleg og legg att CV og generell søknad
  •  Sjekk websidene til ulike bedrifter der du kan tenke deg læreplass, mange lyser ut leidige læreplassar på eiga nettside
  •  på www.vilbli.no finn du oversikt over alle godkjende lærebedrifter inndelt etter fag
  •  følg med på utlyste læreplassar på www.nav.no og www.finn.no
  •  Sjekk lokalaviser, distriktsaviser og fagtidsskrift for utlyste stillingar. Kvart år medio februar har Opplæringskontoret inne fellesannonse i Hordaland og Vaksdalposten på leige læreplassar hjå våre medlemsbedrifter. Annonsa vert også lagt ut på på våre websider og fb-sida vår
  •  følg med på www.vestland.no om nyheiter.

 Finn lærling

Er du medlemsbedrift eller anna bedrift som vurderer å ta inn lærling, so ta kontakt med oss. Vi hjelper deg å skaffe rett lærling til nettopp di bedrift.
  •  Vi har oversyn over ledige lærlingar, både lokalt og i heile fylket
  •  Vi kan også sende deg lister på epost, eller bedrifta di kan få eigen nettilgang til Vestland Fylkeskommune sin database over elevar som ynskjer læreplass
  •  Bli med i vår gratis fellesannonse i Hordaland og Vaksdalposten i februar kvart år - der vi lyser ut ledige læreplassar.


OKIHO på facebook  
Aktuelt
Andre nettstader
Nye fagbrev
Opplæringskontoret for Indre Hordaland

 Telefon
 95 81 63 73












 Adresse
 Brynaskogen 25
 5705 VOSS



        Rediger