Å vere lærling

Som lærling utdannar du deg til eit spesifikt yrke ved å jobbe i ei godkjend lærebedrift. Der får du opplæring og rettleiing i faget ditt, som del av di vidaregåande opplæring i bedrift. Dei fleste startar læretida etter to års yrkesfagleg utdanning på vidaregåande skule, og hovudløpet gjev to års læretid.

Opplæringa og arbeidet vert lagt til rette ut i frå læreplanen i faget ditt, og det arbeidet bedrifta har. I læretida har du krav på oppfølging av ein fagansvarleg og instruktørar, samt av eit opplæringskontor – dersom lærebedrifta er medlem av eit slikt kontor.

Spørsmål og svar rundt det å vere lærling

Det kjem ofte spørsmål rundt rettar og plikter, løn, ferie og anna i samband med læretida. Her prøver vi å svare på ofte stilte spørsmål.

Som lærling utdannar du deg til eit spesifikt yrke ved å jobbe ei ei godkjend lærebedrift. Der får du opplæring og rettleiing i faget ditt, som del av di vidaregåande opplæring i bedrift. Dei fleste startar læretida etter to år yrkesfagleg utdanning på vidaregåande, og har to års læretid.

Opplæringa og arbeidet vert lagt til rette ut i frå læreplanen i faget ditt, og det arbeidet bedrifta har. I læretida har du krav på oppfølging av ein fagansvarleg og instruktørar, samt av opplæringskontoret.

Lærekandidatordninga er ei fleksibel ordning der ein får opplæring i delar av læreplanen ut frå individuelle evner. Målet er at lærekandidaten skal oppnå so høg kompetanse som mogeleg. På slutten av læretida avlegg kandidaten ei kompetanseprøve og får eit kompetansebevis.

Er du lærling, har du i stor grad dei same rettane og pliktene som andre tilsette i bedrifta. Unntaka er at du er midlertidlig tilsett, har rett på ein intern opplæringsplan samt ein fagansvarleg/instruktør og undervegsvurdering, samt har anna løn fordi du er under opplæring. Du skal ha både ei arbeidsavtale med bedrifta og ei lærekontrakt som vert godkjend av fylkeskommunen. Rettane og pliktene er knytta både til Arbeidsmiljølova og til Opplæringslova. Du sjølv pliktar å ta del i opplæringa og sørge for at du tileignar deg fagkunnskapane og fører logg over opplæringa.

Aktuelle lenkjer:

Arbeidsmiljøloven
Opplæringsloven
Elev og lærlingeombodet

På Voss har vi to vidaregåande skular med mange moglegheiter til å ta yrkesfagleg utdanning. Både i Voss herad, Ulvik herad, Vaksdal kommune og Modalen kommune finnast eit breitt og variert næringsliv, der ei rekkje godkjende lærebedrifter tilbyr lokale læreplassar til ungdomen.

Aktuelle lenkjer:

Voss Vidaregåande Skule
Voss Gymnas

Som lærling får du løn gjennom læretida. Du er både i arbeid og under opplæring, samtidig. I byrjinga får du mest opplæring, medan du mot slutten jobbar meir sjølvstendig. Difor får ein som oftast høgare løn utover i læretida. Løna vert berekna ut frå årsløna til ein nyutdanna fagarbeidar i faget, og vert ofte fordelt slik: 30% 1.halvår, 40% 2.halvår, 50% 3.halvår, 80% 4.halvår.

Som lærling kan du ha rett på lån og stipend i Lånekassen.

Aktuelle lenkjer:

https://utdanning.no/tema/laerlinger_og_lonn

Lånekassen

Opplæringskontoret for Indre Hordaland fylgjer opp og administrerer møter med lærlingane og medlemsbedriftene. Vi avtalar møter med lærebedriftene og besøkjer lærlingane 2-4 gonger årleg eller ved behov. Lærlingane dokumenterer opplæringa dei får, dei fleste gjennom oppfølgingsverktøyet vi nyttar: Fagbrev.io.

Læretida vert avslutta med ei fagprøve hvis du er lærling, og ei kompetanseprøve hvis du er lærekandiat. Dette er sluttvurderinga, som viser at du innehar den kompetansen som står i læreplanen, eller den tilpassa planen hvis du er lærekandidat. Ved bestått prøve, mottek du som lærling eit fagbrev/svennebrev, som lærekandidat får du eitkompetansebevis.