Lærebedrift

Ei lærebedrift gjev lærlingar praktisk opplæring i det faget som lærebedrifta er godkjend i. For å bli godkjend lærebedrift, må bedrifta kunne gje relevant opplæring i samsvar med læreplanen i faget og dei må ha ein fagleg leiar som har hovudansvar for opplæringa. Læretida i eit hovudløp er normalt to år, og vert avslutta med ei fagprøve.

I nokre bransjar er det eit krav ved anbodsrunder at bedrifta er godkjend lærebedrift og har lærlingar.

Godkjenning som lærebedrift

Vestland Fylkeskommune godkjenner lærebedrifter. Hovudkriteriane for å bli godkjend er:

  • at bedrifta kan gje opplæring i kompetansemåla i vg3 læreplanen/opplæring i bedrift
  • at bedrifta har ein person som kan vere fagleg leiar/instruktør
  • fagleg leiar/instruktør må gjennomføre fylkeskommunen sine to kurs
  • at bedrifta har eit kvalitetssikringsystem og set opp ein intern opplæringsplan

Som medlem hjå oss får du oppfylgjing i samsvar med gjeldande lover og regelverk. Vi hjelper bedrifta di til å bli ei betre lærebedrift.  Vi har god kompetanse og er til stades lokalt.  Det er mange ting å passe på som lærebedrift, og vi er tilgjengelege heile vegen gjennom læretida med råd og informasjon. Vi har kvalitetssikringssystem og set opp intern opplæringsplan for den enkelte lærling, og fylger opp lærling og instruktør gjennom læretida.

Ynskjer du å bli lærebedrift og vil ha hjelp av oss? Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Bedriftstilskot

Lærebedrifter som har lærlingar eller lærekandidatar mottek eit tilskot for opplæringa dei gjev. Tilskotet vert fordelt mellom medlemsbedriftene og Opplæringskontoret for Indre Hordaland etter den satsen som årsmøtet vedtek. Vi utbetalar tilskotet til våre medlemsbedrifter to gongar årleg.

Her finn du staten sine satsar for bedriftstilskot.

Kurs og samlingar

Opplæringskontoret for Indre Hordaland er opptekne av å ivareta fagleg leiar og instruktørane. Desse har ei svært viktig rolle i opplæringa av lærlingar. Vi tilbyr instruktørpleiekurs der vi tek opp aktuelle tema. Vestland Fylkeskommune tilbyr fagleg leiar/instruktørkurs for alle med ansvar for lærlingane i bedrift. Kursa gjennomførast ulike stader i fylket fleire gongar årleg.

Om hausten arrangerer vi lærlingesamling for dei nye lærlingane. Der informerer vi blant anna om forventningar bedriftene har til lærlingane, rettar og plikter, og gjev gode råd for fullføring av læretida.