Slik søkjer du læreplass

  • Er du elev, hugs å registrere deg i Vigo innan 1. mars
  • Ledige læreplassar finn du utlyst i lokalaviser/aviser, på bedrifta si nettside, finn.no, utdanning.no/finnlarebedrift, nav.no, i fagblad, på facebook, snap osv.
  • Bruk nettverket ditt til å finne aktuelle lærebedrifter (vener, familie, skulen, idrett, naboar osv.)
  • Send søknad direkte til bedrifter der du ynskjer læreplass
  • Følg opp søknaden din, ring og høyr om du kan få kome på intervju
  • Presenter deg frå di beste side
  • Førebu deg til intervjuet: vit kor du skal og kven du skal snakke med, skaff deg informasjon om bedrifta på førehand, les heimesida til bedrifta.

Tenk også på

  • Kva bedrifter finnast i ditt område?
  • Er du mobil og kan bu andre stadar i læretida?
  • Kvifor skal bedrifta tilby akkurat deg læreplass?
  • Kva er dine beste eigenskapar? Få dette fram i ein søknad og på intervju.

Ein god måte å skaffe seg læreplass på er gjennom praksisperiodane ute i bedrifter på vg1 og vg2 (YFF). Nytt tida i bedrifta godt, vis at du er interessert i faget og arbeidet. Spør gjerne dagleg leiar om du har mogelegheit for å få læreplass når du er ferdig på skulen.

Dei fleste lærebedrifter tilset lærlingar etter skuleslutt eller etter sommarferien. Ein kan for øvrig starte som lærling når som helst på året. Følg med på bedriftene sine nettsider og i aviser for utlysing av læreplassar. Det går an å sende ein generell søknad til ei lærebedrift, sjølv om dei ikkje har lyst ut ledig læreplass.

Kvar får eg oversikt?

Opplæringskontoret for Indre Hordaland har inne ei fellesannonse i lokalavisa Hordaland i byrjinga av februar kvart år. Der finn du oversikt over ledige læreplassar hjå våre medlemsbedrifter. Vi sender også annonsa til begge dei vidaregåande skulane på Voss. Søknadsfristen for kommunale læreplassar er 1.mars, for private bedrifter er det open søknadsfrist. Følg med og send søknad der du er interessert i læreplass.
På nettsida vilbli.no finn du oversikt over alle godkjende lærebedrifter og opplæringskontor i kvart fylke. Du kan søkje på kvart enkelt fag.
På nettsida utdanning.no kan du bruke tenesta «finn lærebedrift». Der finn du oversikt over lærebedrifter og ledige læreplassar i heile Noreg.

Aktuelle lenkjer

Vilbli.no
Finn lærebedrift