Byggdriftarfaget

Ein byggdriftar driftar og vedlikeheld bygg for oppvekst, omsorg, næring og bustader, for eksempel barnehagar, skolar, sjukeheimar, sjukehus, kontor- og industribygningar og bustadbygg.

Ein byggdriftar må kunne arbeide planmessig og effektivt. Byggdriftaren skal være ein ressurs for eigar og brukarar av bygningar og skal kunne rekvirere ekstern kompetanse ved behov. Gode ferdigheiter innan service og kommunikasjon er difor sentrale eigenskapar.

Informasjonen er henta frå vilbli.no