CNC-maskineringsfaget
Ein CNC-operatør kan arbeide innanfor mekanisk industri, kjemisk industri, oljeverksemder, skipsbygging og treforedling. Arbeidsplassar finst i store og små bedrifter som har spesialisert seg på å framstille nye produkt for mekanisk industri, og i verkstader for vedlikehald av utstyr i annan industri.
CNC-operatøren må kunne arbeide nøyaktig, aktsamt, rasjonelt og effektivt, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag og interesse for maskiner og teknologi.
Informasjonen er henta frå vilbli.no