Elektroreparatørfaget

Arbeidsfeltet er innanfor både privat og offentleg sektor. Elektroreparatøren kan vere tilsett ved ein fabrikk, eit leverandørfirma, ein reparasjonsverkstad, ein autorisert elektroinstallatør eller vere sjølvstendig næringsdrivande. Arbeidet blir utført på verkstaden eller ute hos kunden der arbeidsstaden kan vere forretningsbygg, institusjonar, industribedrifter, landbruk, skip og boreplattformer.

Arbeidsoppgåvene krev evne til sjølvstende og samarbeid med andre fagarbeidarar. Du må kunne yte god service. Fordi mykje koplingsarbeid blir utført ved hjelp av eit fargekodesystem, bør du ha godt fargesyn. Du må vere nøyaktig, forsiktig og ha ansvarskjensle. Ordenssans og godt handlag er òg viktige eigenskapar.

Informasjonen er henta frå vilbli.no.

Medlemsbedrifter i faget