Ernæringskokkfaget

Som ernæringskokk kan du få jobb i private og offentlege institusjonskjøkken innanfor til dømes helse- og sosialsektoren (sjukehus, pleieheimar), skulevesenet, fengselsvesenet eller Forsvaret, på bustadplattformer og i kantiner.

Ernæringskokken må kunne arbeide planmessig, rasjonelt, effektivt og hygienisk, både sjølvstendig og saman med andre. Du må forstå kor viktig det er med ernæringsmessig rett mat, og kunne lage mat som gjev positive opplevingar, til både friske og sjuke. Kreativitet og estetisk sans kan vere ein fordel.

Informasjonen er henta frå vilbli.no.