Salsfaget

Salsmedarbeidarar jobbar i ei rekkje private og nokre offentlege verksemder.

Ein salsmedarbeidar må vere kunde- og serviceorientert, blid og høfleg, kunne ta initiativ, arbeide kreativt og planmessig, både sjølvstendig og saman med andre. God kommunikasjonsevne og sosial dugleik er avgjerande kvalitetsfaktorar. Du bør vere ryddig, ha økonomisk sans og gode språkkunnskapar.

Informasjonen er henta frå vilbli.no.